Museum i Stord

Finn nøyaktig informasjon om de beste virksomhetene som tilhører kategorien Museum i Stord. Få anmeldelser og kontaktdetaljer for hver virksomhet, inkludert telefonnummer, adresse, åpningstider, kampanjer og annen informasjon.
Viser resultater: 1 - 2 av 2

Resultater fra kategorien 'Museum' i Stord

Stengt

Museumsbakken 16, 5417 Stord

53 41 38 99
#sunnhordlandmuseum #sunnhordlandstunet Gje oss gjerne ei tilbakemelding på tripadvisor.com. Opningstider for dei ulike tuna og samlingane finn du på http://www.sunnhordland.museum.no/side.aspx?nr=190 Sunnhordland Museum er frå 2004 eit konsolidert museum, og Stord Maritime Museum ligg også inn under vår drift. I tillegg har vi åtte tun og samlingar i Sunnhordland som vi har ansvar for, både med tanke på innsamling, vedlikehald og formidling. Sunnhordland Folkemuseum og sogelag vart skipa i 1913. I byrjinga vart samlingane oppbevarte i Ådlandsstova, ei årestova frå ca. 1400 som stod på garden Ådland. Etterkvart vart hus frå Stolmen, Omvikedalen, Huglo og Leirvik på Stord overgitt museet, og Sunnhordlandstunet vaks fram. Eit museumsbygg vart reist i 1938 på Leirvik, og påbygt kring 1963. Her er faste utstillingar frå førhistorisk tid, og utstillingar om jordbruk og fiske i Sunnhordland. Ein eigen tekstilsal syner drakter og kledebunad frå ca. 1700. Etterkvart vart eldre tun kjøpt av museet eller gitt i gåve til museet. Sæbøtunet i Etne, Nerheimstunet i Ølen, Nistovetunet i Omvikedalen, og Gjerdetunet i Mauranger er slike tun. Samla gir dei eit rikt bilete av gardsdrift i Sunnhordland frå 1600-talet til tidleg på 1900-talet. Halsnøy Kloster kom i museet si eiga i 1959. I 1961 vart det utført reparasjonsarbeid på hovudbygningen frå 1841. Stovene vert mykje brukt til tilstellingar, utleige og historiske seminar. I klosterkjellaren er det kunstutstillingar, eller samkmome og konsertar av ulike slag. Litlabø Gruver var i drift frå 1867 til 1968. Svovelkis vart henta ut frå fjellet, frakta i båtar over Storavatnet, og sendt med jernbanevogner ned til fjorden i Sagvåg, der skipa låg klare til å frakte "gullet" til foredling og bruk. I dag står berre heistårnet, maskinhallen og ei smie att, men ein arbeidarbustad er restaurert og står saman med ei statue over gruverarbeidaren i ein vakker park på det gamle gruveområdet.
Stengt

Nattrutekaien 21, 5411 Stord

952 65 997